Hovedseksjon

Teknologi og design

Teknologi

Kjerneelementet teknologi inneber å forstå og bruke teknologi, og å lage prototypar for teknologiske produkt er ein sentral del av kjerneelementet. Gjennom praktisk arbeid med teknologi, inkludert digital teknologi, utviklar elevane forståing av at teknologi kan nyttast til å skape nye moglegheiter og løyse problem, men òg forårsake dei.

Design

Kjerneelementet design handlar om å forstå ein designprosess og bruke denne i praktisk og skapande arbeid fram mot eit produkt som er funksjonelt og utnyttar teknologiske moglegheiter. Kjerneelementet inneber å utvikle idear og konsept med bruk av skisser, arbeidsteikningar, digitale designverktøy og prototypar. Medvit kring tryggleik, forbrukaransvar, miljø og berekraft er ein sentral del av kjerneelementet.